Opplevingar

Det er mykje å finne på i Agios Gordis, men skulle de vere i villrede så ta kontakt med crewet i Corfu flights. Dei kan komme både med tips og praktiske opplysningar. Bruda avspaserer på denne reisa, men resten av gjengen er alltid glade for å kunne hjelpe. 

 

 Vi vil tru at nokre av gjestane setter pris på felles opplevingar, medan andre vil ha litt meir ro og gjere ting i eige tempo. For dåke som syns det er kjekkast med felles aktiviteter så har vi satt opp fylgjande: 

  • Torsdag 10

    Fjelltur

  • Fredag 11

    Joggetur for vidarekomne og/eller tur til Pentati

    Fredag 11

  • Lørdag 12

    Bryllup

  • Alle dagar

    Tur til Korfu by

     

    Alle dagar

  • Alle dagar

    Strandaktiviteter

  • Etter avtale

    Snorkelsafari med snorkelkongen

    Etter avtale

  • Mandag 14

    Tur med firhjuling

  • Torsdag 10

    Fjelltur

  • Fredag 11

    Joggetur for vidarekomne og/eller tur til Pentati

    Fredag 11

  • Lørdag 12

    Bryllup

  • Alle dagar

    Tur til Korfu by

     

    Alle dagar

  • Alle dagar

    Strandaktiviteter

  • Etter avtale

    Snorkelsafari med snorkelkongen

    Etter avtale

  • Mandag 14

    Tur med firhjuling

Fjelltur til Panteleimonas 

 Ca 10 km. God vei å gå på, passer for mange 

Turen starter ved stranda, opp gjennom gata og fylgjer vegen til høgre ved Rolandos. Ein går på asfaltert bilveg oppover første del av turen. Etter ca 3 km kjem ein til Kato Garouna. Dette er ein nydeleg liten landsby som er verdt å sjå. Når ein kjem til opp til landsbytorget, ta gjerne ein kort avstikkar til høgre og sjå dykk om i landsbyen, før de går vidare opp mot fjellet. For dei som syns det er langt nok å gå, anbefalast det eit stopp på den lokale kafeen før de rusler heimover igjen.  

Agios Panteleimonas har panorama utsikt over Agios Gordis og kysten. For dei som tilfeldigvis skulle drive med paragliding, så er dette spotten for det (Det finst eit anna fjell med samme navn på øya, så ikkje lat det forvirre dykk om de bruker kart) 

https://lovincorfu.com/destinations/kato-garouna-village-guide/ 

https://www.wikiloc.com/hiking-trails/agios-gordios-kato-garouna-panteleimonas-mountain-agios-gordios-123442421 

Turansvarleg: Corfu flights sine ektemenn 

Gåtur til Pentati 

Her starter ein frå sørenden av stranda og fylgjer skogsstien opp over klippene. Starten kan vere litt bratt, men er ikkje vanskeleg eller veldig tung. Dersom det har regna vil stien truleg vere gjørmete i visse parti. Etter kvart kjem ein ut av skogen og går vidare på sementveg opp til Pentati. Turen fram til Pentati vil ikkje ta meir enn 30 min. 

Pentati er ein skjønn liten landsby som har ein heilt unik restaurant. Ved fyrste augekast aner du ikkje heilt om det er restaurant, bruktbutikk, fruktbutikk eller museum. Finn deg eit bord på taket. Her er ingen meny, men kokken tek deg gladleg med inn på kjøkkenet og syner rettane du kan velge mellom akkurat denne dagen. Er det vanskeleg å bestemme seg så får du litt av alt. Bestill gjerne eit glass av husets vin og nyt utsikta medan du har verdas beste lunsj. 

Ein går bilvegen tilbake til Agios Gordis etterpå. Ca 5 km.  

Turansvarleg: Crewet frå Corfu flights. Gje beskjed i god tid til Ragnhild slik at ho kan reservere bord. Restauranten er nemlig ikkje stor.  

agios-gordios-to-pentati-160566486 

https://www.youtube.com/watch?v=H2cD7ROBtXI 

 

Korfu by 

 Avtal ein tur til Korfu by saman med dei du syns det er kjekt å ta ei utflukt med (kanskje med nye bekjentskap allereie?) Bussruter fra Agios Gordios til Korfu by går vanlegvis nokre ganger pr dag. Du kan sjekke «dei grønne bussane» si nettside eller spørre i butikken ved busstoppet for nøyaktige rutetider og billettpriser.  

Busstoppet finn de her: 

https://mapy.com/en/zakladni?source=osm&id=41076371&x=19.8541391&y=39.5478014&z=17 

 

Strandaktiviteter

Brudgommen liker ikkje å ligge i ro på stranda (med mindre han har ei øl i handa), men han er klar for bading, ulike ballspel og andre strandaktiviteter. Heldigvis er han god på både å organisere og å få med folk på gøye ting 

Felles joggetur til Sinarades 

Denne turen er ikkje for nybegynnera eller dei med dårleg kondis. 

Ansvarleg: bruda sin far. Avtal tid og oppmøte med han 

 

Tur med firhjuling 

Bli med på populær firhjuling tur. For info sjå her: 

https://www.getyourguide.com/no-no/agios-gordios-l176297/agios-gordios-korfu-atv-firehjulingstur-med-lunsjthepinkpalace-t643146/?ranking_uuid=1ba556a1-7fde-4e95-a44b-30c609c0d92d 

Kay Arne, brudgommen sin svoger tek ansvar for påmelding og tid for oppmøte. Gje beskjed til han i god tid om du vil vere med 

 

Snorkelsafari 

Flaks for oss så har vi fått med oss sjølvaste snorkelkongen Dag-Inge. Han kjenner seg heime enten det er i det Indiske hav, i Eidsvågfjorden eller i det Joniske hav. I tillegg er han eit sosialt samlingspunkt med høg stemme. Avtal direkte med han for snorkelsafari. Eige utstyr må medbringast/fås kjøpt i gata. Kommunikasjons-assistent: Mari 

Andre aktiviteter 

Leige bil  

Leiger du bil er der mange stader å besøke. Bilutleige finn dykk hos Rolandos: https://rolandos-cars.com/ 

Her er kun eit lite knippe forslag som ikkje er så altfor langt unna Agios Gordis. 

 

Verdas beste massasje 

Skjønne Lip, som de også møter i bryllupet som gjest, gjev verdas beste thai-massasje. Ho er godt utdanna i faget sitt og kan fikse dei fleste muskulere problem. I tillegg er ho ein fantastisk kokk så vi håper at ho snart starter eigen restaurant og! Jentegjengen har blitt godt bortskjemt av Lip gjennom mange år.

Corfu Golf

 https://corfugolfclub.com/  

Go kart

 https://corfukart.com/ 

Vannsport

På Agios Gordios-stranda kan du drive med vannsport som vannscooter, padlebrett, kajakk, leige motorbåt eller trøbåt 

Etter å ha observert gjentatte ulykker anbefaler vi å vere forsiktig med å leige sykkel og moped eller teste paragliding.