Nyttig informasjon

På bryllupsdagen

Bekledning

Først og fremst behageleg. Temperaturen kan vere både 18 og 28 grader, sol eller regn. Finn fram favorittsumarkjolen, sko som er gode å danse i (det er eit krav! Joggesko går heilt fint), ei skjorte med eller utan slips, dressjakke er valfritt. Bunad er sjølvsagt ekstra høgt verdsatt, men kanskje ikkje så enkelt å pakke…  

Ps: Det er mogleg å ta med badetøy. Tavernaen vi er på ligger nesten i vatnet.

Gåve

Vi er overlykkelege over alle som kjem og tenker at det er den beste gåva vi kan få. Med andre ord, vi ynskjer oss ikkje gåver utover dette.

Og til dykk som ikkje har anledning til komme – vi finner på noko ein annan gang! 

Drikke

Velkomstdrikk og all drikke under bryllupsmiddagen tek vi oss av, men bar-rekninga siste del av kvelden besørger ein sjølv. Tavernaen har ikkje noko betalingssystem for dette, så vi ordner det på fylgjande måte: det koster 36 euro per pers for ubegrensa drikke resten av kvelden. Dette inkluderer alt ein vil drikke av øl, rødvin, kvitvin, rosevin, Mojito, Pornstar Martini og GT. Ein kan og velge desse som alkoholfrie drinker eller andre moctails som feks Tropicana dream (Jordbærpure, mangopure, grenadine, limejuice og alkoholfri ingefærøl). Også dei under 18 pleier å like moctails. I tillegg er der ulike typer brus, juice og vann. Benedicte (nabo) samler inn på førehand 🙂

Bilder

Vi er sjølvsagt glade for alle som tek bilder, både på bryllupsdagen og andre dager. Samstundes ønsker vi ikkje posting på sosiale medier uten at dei som er på bildet vert spurt først (inkl brudepar). Vi har laga ei side der alle kan laste opp bilete og videoer. På denne måten kan vi dele flest mogleg minner, til og med i sanntid  🙂

Lenka til sida finner dåke HER

Dåke kan og laste ned dei bileta/videoane dåke ynskjer å ha i etterkant. Berre hugs å laste ned før mai 2027 🙂

Det vil vere fotograf til stades under deler av bryllupet, men vi blir ekstra glade for alle gjester som hugsar å ta bilde under sjølve festen om kvelden. Dette er ofte den delen av dagen som kan ende med dei gøyaste bildene, men som er lettast å gløyme å ta…

Tidslinje

Denne er foreløpig så det kan komme endringar 🙂

Avreise med minibuss frå Agios Gordis kl 13.45. Møt opp ved busstoppet (ja, AG har kun 1 busstopp) i god tid. Tidsskjema er stramt, så etternølera risikerer å bli igjen.. (og husk at der ikkje er faste taxier i AG). På busstoppet møter du flotte bussansvarlige som vil fortelle deg kva for buss som er din. Følg din buss og din bussansvarlig

Ankomst Vlacherna klosteret ca 14.15 – 14.30. Herifrå vil dåke bli frakta med båt over til Pontikonisi. Husk at der er nokre trapper å gå opp til den lille kirka

Etter vielsen er der satt av tid til litt fotografering og ein skål eller to, før vi blir frakta vidare til den store båten som tek oss til Agios Stefanos

Utpå kvelden/natta vil minibussane kjøre oss tilbake til Agios Gordis. Den første går kl 23.30 og resten kl 00.35. Her trenger dåke ikkje å følge ein fast buss, men anbefaler at dei som er ekstra trøtte eller yngst får reise med første buss. For alle som ikkje er ferdig med festen så fortsetter den i Agios Gordis 🙂

Div informasjon 

Husk å ha denne nettsida lett tilgjengelig på telefonen din. Her finner du svar på det meste og brudeparet vil helst unngå å fungere som reisebyrå når vi er i Agios Gordis. Vi vil mykje heller berre kose oss med alle gjestane 🙂 Så altså, sjekk nettsida før du spør…

Drosje 

Corfu Taxi service   +30 693 484 3704  

   https://corfutaxi24.com/ 

https://fakiolasmanos.wixsite.com/corfutaxiservices 

https://alfataxicorfu.net/ 

 

Lege 

Dr Galianis Spyridon 

https://www.xo.gr/dir-az/G/General-Practitioners-Family%20Physicians/Agios%20Gordios%20Corfu/?lang=en