Kerkyra
Korfu er den nordlegaste av Dei Joniske Øyer og ligg vest for Albania. Øya er kjent for sitt grønne og frodige landskap med olivenlunder og situstre, høge fjell og eit mildt og relativt fuktig klima til Hellas å vere. Øya har ei rik historie med mange tidlegare herskerar som romerar, venetianerar, franskmenn og briter. Korfu by er ein vakker by som byr på mange attraksjonar, spesielt den UNESCO-lista gamlebyen, venetianske festningar og ikkje minst, brudas favoritt, Liston.
Liston er ein storslått, fireetasjers arkade, inspirert av den parisiske gata Rue de Rivoli. I dag er det eit populært samlingspunkt med ei rekke kaféar som strekker seg langs den nordlege delen av Spianada-plassen. Her kan ein sitte i skyggen, nyte kald drikke og ta inn den livlege og sosiale atmosfæra
Mytologi
Øya sitt greske navn, Kérkyra eller Korkyra, er sjølvsagt relatert til gresk mytologi. I følge myta vart Poseidon forelska i den vakre nymfa Korkyra og bestemte seg for å bortførte ho. Korkyra var dotter av Asopos og elvenymfa Metope. Poseidon førte Korkyra med seg til den da vakre, men navnløse øya. Han busatte Korkyra her og i begeistring oppkalte han øya etter ho. Gradvis har Korkyra utvikla seg til Kérkyra.
Også mange andre guder og heltar kan knyttast til Korfu og øyas geografi. Mellom anna Afrodite, gudinna for kjærleik og skjønnheit og Zevs, konge over gudane.
Korleis komme deg hit?
Vi antek at gjestane ynskjer å fly til Korfu. Det går direktefly frå Oslo til Korfu flyplass i sommarsesongen, men Norwegian pleier å avslutte direkteflya i starten av september. Det er likevel rikeleg med moglegheiter og eit stort antall flyselskap tilbyr flygningar til Korfu. Ein må rekne med minst ei mellomlanding, som regel i ein europeisk storby. Under er der forslag til ulike nettsider og vi anbefaler å sjekke ut fleire flyselskap. Vi oppfordrer sjølvsagt til å bestille gjennomgåande billett.
Sas, Norwegian, Supersaver, Skyscanner, Momondo, Booking.com, Finn.no, Air olympic, Aegean, Expedia, Tripadvisor, Travellink, Flyreiser.no, Skyexpress.gr, Gotogate, Kiwi.com, Kayak.



