Egil
Bruda sin far. Snill, tolmodig, tørrvittig og stril. Han vert truleg ikkje den ivrigaste på dansegolvet, men er glad i høge fjell og hiv seg gjerne på eit maraton eller to. Har ein draum om at hans komande svigerson snart vil dele samme lidenskap. Når han pynter seg er Leedsslipset på.
Solfrid
Brudgommen si mor. Snill, raus, morsom og ei som bruda ser fram til å få som svigermor. Stiller opp for alle kring seg og ingen har nok passa barnebarn meir enn henne. I tillegg er ho positiv til vin og boble-kvelder som starter kl 12.00. Truleg den som er best på smaltalk av alle gjestane.
Rolf & Kerstin
Brudgommens far og hans kone. Busett i dei svenske skogar, på eit idyllisk småbruk. Her blir ein varmt teke i mot og dei gode samtalane kan gjerne vare ut i nattetimane. Vil tru at fleire av gjestane har fått hjelp av Rolf ein gang eller to.
Tristan
Sven sin førstefødte og sambuer med Marielle. Glad i å spele fotball og håper fleire blir med å spele på stranda (Sven er garantert med). Han er også klar for dei fleste brettspell og konkurranseinstinktet er inntakt. I tillegg tek han tek glatt imot ei utfordring eller to… Vi berre nevner det
Teodor
Sven sin nest eldste son. Studerer sjukepleie. Er glad i å gå på fjelltur, så vi antek at han blir med på det torsdagen. Dersom nokon skulle ha lyst til å spele tennis, er dette makkeren du vil ha. Rolig og behagelig å vere rundt, med mindre han spelar brettspel med storebroren..
Silja
Sven si dotter. Smilande, imøtekommande og sosial. Glad i å finne på ting og hiver seg med på det meste, alt frå å svømme med haier til å synge karaoke. Sparer til ny tur til Maldivene saman med Mari.
Sebastian
Sven sin yngste sønn og tvilling med Silja. Like aktiv som sine søsken og kanskje den som er mest handy. Er opptatt av gode lukter, lærekjøring nattestid og støtter Tyskland sin alkoholpolitikk.
Marielle
Sambuar med Tristan. Sven mistenker at det er ho som held hjula i gang i heimen. Marielle er sosial og lett å snakke med. Vi gler oss til å vere på fest med ho. Spesielt sidan vi har vi hørt rykter om at ho er den som danser på bordet først.
Mari
Kristine si dotter. Om nokon vil lære seg cheerleading eller få neglene fiksa før bryllupet er dette jenta å spørre. Mari er også sjølvutnevnt drikkeleikansvarleg under bryllupet (hjelp…)
Jonas
Kristine sin son. Lun, morsom og snill. Studerer musikk i hovedstaden og er høgt sakna heime. Du finn han på Spotify og truleg i baren på Korfu..
Evelin og Øyvind
Sven si eldste søster og hans svoger. Øyvind er lang over gjennomsnittet Tottenham supporter. I tillegg er han oppteken av musikk, kjører motorsykkel og er leder i Hells Bruland. Evelin kan strikke raskare enn Lucky Luke trekker pistolen. IKKJE gå glipp av desse to på fest.
Hanna Malin og Kay Arne
Sven si yngste søster og hans svoger. Dette er paret med høgt arbeidstempo. Inviterer til nydelige middager (gjerne sjølvskoten hjort) og gøye samankomster over ein lav sko, samstundes som dei pusser opp meir enn vi andre orker å tenke på. Dei kjem garantert til å kaste glans over dansegolvet, spesielt Kay Arne som er halvproff.
Trym og Brage
Evelin og Øyvind sine barn. Tiril blir igjen heime grunna strenge fråværsreglar, medan Trym og Brage ikkje er så nøye på det.. Morgonfugler er dei heller ikkje. Saman med gutane til Sven utgjer dei ein gjeng vi andre bør sjå opp for i Agios Gordis si gate…
Mia
Datter til Hanna Malin og Kay Arne. På samme måte som Tiril, er storesøster Iva igjen heime for å unngå fråvær på skulen. Mia er meir lik fetterane sine og går for fest og moro. Ho blir nok ei å slå joggane opp bakkane i Agios Gordis, ho er nemlig godt trent både i fotball og handball.
Bjørn Andreas & Linnea
Kristine sin bror og svigerinne. Desse to har busatt seg i Oslo, men vurderer å flytte tilbake til Vestlandet sidan saknet er veldig stort. Bjørn er nesten like tørrvittig som far sin og Linnea håper på surfebølger i Agios Gordis.
Kenneth
Jobber saman med Sven og Per – til saman utgjer desse Sunnfjords beste salgsteam (seier alle tre). Kenneth driver både med paddeltennis, sykling og fjellturer. I tillegg er han over gjennomsnittet interessert i kakebaking og stor fan av Ingrid Espelid Hovik.
Anne & Kjell Frode
Kristine si tante og onkel. Kjell Frode blir garantert med på joggetur for vidarekomne og har nok den beste persen på halv maraton av alle gjestane. Anne har truleg lært seg gresk før avreise…
Rita
Sven si tante og søster til Solfrid. Bruker tida si i Bergen, på Geilo, i Sørgulen og i dei Italienske alper. Ho er sjølvsagt med på tur torsdagen. Saman med Solfrid blir det nok vinsmaking på dei fleste tavernaene i Agios Gordis.
Inga & Øyvind
Kristine si tante og onkel. Busatt på Osterøy, øya over alle øyer (minus Korfu då sjølvsagt). Øyvind kan det meste om fotball og ynskjer velkommen ein kvar som vil diskutere. Inga er ivrig hobbyfotograf, så ikkje bli redd om du ser ei dame med hodet nedi ei blomsterbusk eller liknande. Det einaste uvisse er om ho tek bilde av blomsten eller eit snikbilete av deg…
Edel
Kristine si tante, søster til mor. Edel lærte bruda både å banne og røyke då ho var liten. Slik blei ho kjapt ein av favorittane. Edel er omsorgsfull og ei du vil ha lange samtaler med, i tillegg er ho morsom. Oppmuntre ho gjerne til å ta hvalrosstrikset under måltider.
Ole Jacob & Elise
Kristine sin fetter og hans fru. Ole er toastmaster og det er ikkje berre fordi han skuldar. Han er vittig og organisert, i tillegg til å ha ei nydelig sangstemme. Han er heil ved. Elise er sprudlane, klok og ho kan det meste om astronomi. Om du ikkje blir kjent med desse to så kjem du til å angre.
Solveig
Kristine si kusine. Fantastisk på alle måter. Solveig er gøy å henge med, men ikkje la ho passe drinken din. Ho er distre nok til å raskt tru det er hennar eiga. Solveig er sjukt glad i å bade og ho har nok allereie sendt påmelding til snorkelkongen sine aktiviteter.
Tormod & Tone
Kristine sin fetter og hans kjærast. Tormod tek årleg trolljægerprøva og vil truleg finne seg ei hinderløype og ein gjørmepytt også på ferie. Uvisst om Tone syns det er like artig, men antek at ho heller blir med på vinløpet. Tone kan forresten det meste som er å kunne om alkohol..
Ruben & Mette
Øyvind sin son og hans sambuar. Ruben har, lik far sin, ofte vanskar med at skolissene knyter seg fast i andre gjenstander. Det er sikkert ein sjelden, men arvelig tilstand. Mette er no advart og har eit ekstra ansvar på denne turen. Vi gler oss til eit glass vin allereie lørdagen før festen.
Vidar
Sven sin kompis. Vidar er ein ekte globetrotter. Han reiser som regel godt påkledd og med eit glass vin i handa. Til trass for dette har han både dårleg retningssans og orienteringsvanskar. På den andre sida, Vidar er veldig morsom og ein av våre favoritter å feriere saman med (nesten så vi ikkje vil på tur utan han).
Margrethe
Kristine sin forlover og påklederske (Til dagleg syr ho kle for Noreg si dronning, så ho setter nok ekstra pris på å endelig få hjelpe K). Margrethe og bruda treftes i barnehagen på Vie. I tillegg til å vere omtenksom, høglytt, varm, hardtarbeidane, klok og morsom er Margrethe desidert den som er mest dialektforvirra. Forteller du ho ein vits ler ho av den først neste dag.
Vidar & Lena
Sven sin kompis og hans kjærast. Vidar og Sven har hengt saman sidan barndommen (les: spør gjerne om ulike påfunn dei har gjort). Vidar er stødig, stabil, romantisk og oppteken av å deklamere sjølvskrevne dikt. Slik fanga han hjartet til Lena. Både han og Lena er glad i fjellturer, men dei er minst like klar for bryllupsfest.
Ada, Amalie & Gustav
Kristine sine favoritt tantebarn og Bjørn og Linnea sine skjønne fine. Vil anta at alle tre er å finne på stranda, i eit eller anna basseng og mest truleg i sjøen under bryllupsfesten. Desse er garantert klar for firhjuling.
Silje & Frode
Silje og K møttes på folkehøgskule. Silje kan alt! Keramikk, grafisk design, blomsterdekoratør, musikk… Sven vil gjerne ha Frode med på sitt lag under strandfotballen, men også fortsette med seine kvelder i keramikkverkstedet på Os. På Robins Nest kan ein bestille «vagishot», signert S og K. Silje og Frode sin favorittfilm er Ghost
Janikke & Trond
Eller superparet som dei gjerne kaller seg sjølve. Busatt på Tertnes, men Janikke er Rosenborg supporter i hjartet. Trond er han som redder deg dersom flyet skulle krasjlande. Begge er sporty, men Janikke er best på vinløp. Dei har ei imponerande samling med tørka og pressa blomster heime.
Per
Per og Sven har hengt saman sidan vidaregåande. I dag er dei også arbeidskollegaer. Per er snill, morsom og lett å snakke med. Han er en ivrig bocha spiller og er klar om nokon vil utfordre han på stranda. Han har forresten bedt oss påpeike at han også er singel..
Ragnhild & Gisle
Ragnhild og K traff kvarandre i kirkekoret då dei var 10 og 11 år (håper bruda scorer poeng hos svigerfamilien her). Ragnhild har fortsatt med å bruke si stemmeprakt – no mest på radio (men er ikkje framand for å synge på oppmoding). Gisle gler seg til å dele rom og sove i køyeseng med Pål (mannen til Marit) medan dei er i Agios Gordis. Ragnhild er ein del av den sagnomsuste Sluggegjengen og Corfu flights.
Marit og Pål
Her kan vi neste kopiere det vi nett sa om Ragnhild og Gisle. Marit og K traff kvarandre i kirkekoret då dei var 11 år. Pål gler seg til å sove i køyesenga med Gisle. Marit er ei ekte slugge (hedersbemerkning) og ein del av crewet i Corfu Flights. I tillegg er ho ein fantastisk kunstner og god med drillstaven
Odette
Også ein del av crewet til Corfu flights. Fant sluggegjengen då ho flytta til Førde på vidaregåande og visste med ein gang kvar ho høyrte heime. Odette, eller husbonden som bruda kaller ho, er kanskje ikkje så god til å synge, men veldig flink til å plystre høgt, vise kjærleik og til å få gang festen. Utenom dette er ho ganske tilbakeholden og sjenert.
Dagfrid & Arne-Magne
Vi gjentek: Dagfrid er ei medslugge og ein del av Corfu flights. Ho likte og å synge i kirkekkoret då ho gjekk på barneskolen. Arne Magne på si side syns det med gutterom er barnslig. Derimot finner han stor glede i makrame og så kan han bygge hus raskare enn vi andre klarer å vaske vårt. Dagfrid har ein heilt nydelig latter som du kan navigere etter om du vil ha nokon å sitte på kafé med.
Anne
Har forsikra seg sjølv og flyr saman med Trond (og Janikke). Ho ser kanskje søt og snill ut, men ver obs, her kan det vere at skinnet bedrar. Anne er ein råtass på firhjuling, hard på flaska, ei gudinne på dansegolvet og ikkje framand for eit slag handbak.
Thomas & Camilla
Busatt på Eidsvåg og stadig vekk å sjå i Wisteria Lane. Camilla er jordmor, så ei stund såg ho og bruda kvarandre nesten like mykje som eit ektepar. I tillegg har K fått lov å låne Thomas titt og ofte til feks hjelp til å bygge platting. Fantastiske mennesker begge to og dei gler seg nok til joggetur, men aller mest ser dei fram til å framføre talen dei har jobba så hardt med.
Benedicte & Odd-erik
Naboer og ein del av Wisteria Lane gjengen. Trenger du noko som helst form for hjelp så stiller Benedicte opp. Denne dama har og så mange talent, at det ikkje er plass til å nevne dei her. Odd-Erik lager god stemning, gler seg til joggetur og til å delta på Odette sitt Norwegian Tanning Studio på stranda.
Linn & Dag-Inge
Naboer i Wisteria Lane, men om dei hadde budd lengre vekke hadde vi fortsatt kunne høyre Dag-Inge ute i hagen. Han har altså ikkje innestemme og det kjem god med når ein er snorkelkonge. Linn er tolmodig, snill og har drevet med tryllekunst sidan ho var ganske ung.
Jill & Atle
Også stadig å finne i Wisteria Lane. Desse to er gjestfriheita sjølv og Jill kjem aldri tomhent. Jill og K starta vennskapet med ein tur til Ghana. Her fekk ikkje Atle vere med. Han får derimot vere med no. Det er han glad for, sidan han elsker å sleike sol med ein paraply drink i handa. Jill er meir av den utålmodige typen, så ho blir nok gjerne med Anne og kjører firhjuling.
Benedicte & Eirik
Kristine si workwife og partner in crime! Heilt frå jordmorskulen, på kvinneklinikken og i Amathea. Beste teamet (om du spør oss – ikkje sjefen). Benedicte eller Benny, har drøymt om Korfu i åresvis, så ho pakka kofferten ifjor. Eirik har myndigheit til å stenge Fløyfjellstunnelen og lage kaos når han vil.
Connor
Frå verdsturne med Cats til bryllupssanger her – takk for at du sa ja! Han er den gøyaste både på dansegolvet og på les mis- nachspiel. I tillegg er han raus, lommekjent i Agios Gordis og du er garantert å le mykje i hans selskap.
John
Eller frekke John, som han og kallast. Mest gresk, litt canadisk. Om du høyrer nokre ukvemsord når du går forbi, så hugs det er kjærleik. Kvart år passer han på at jentegjengen får i seg enorme mengder mat, opplever ekte gresk landsbyliv og at vi er brisne før vi går heim..
Lip & Nikolaos
Nikolaos er ekte korfiot og heldigvis fikk han også Lip til å flytte til Korfu. Hos dette paret står gjestfrihet høgt. Jentegjengen har blitt henta og levert, vert på heimebesøk og på landsbyfest, blitt kjent med dei skjønne døtrene, fått fantastisk mat og lært gresk dans. Vi er glade for å kunne invitere på fest tilbake.
Robin
Skjønne, gode, kloke, snille, gøye Robin. Allereie omtala som eigar av Robins Nest. Dette er ei legende i levande live. Jentegjengen har kalla henne mor i alle år, sjølv om ho er like mykje venninne. Rausare enn dei fleste du vil møte og ein fest å vere saman med.
Thanos, Michael, Sammi, George & Christina
Barn og svigerdatter til Robin. Vi krysser fingrer for at desse nydelige folka finner vikarer, slik at dei får vere med på festen. Etter 20-års vennskap fortjener dei både fri og å bli satt pris på. Agios Gordis hadde ikkje vore det samme utan desse. Vi lover.














































