Seremoni

Bryllupsseremonien vert holdt på den vakre øya Pontikonisi. Vi blir henta i Agios Gordis med buss og kjørt mot Vlachernaklosteret. Her går vi over gangbrua og ombord i små båter som vil frakte oss over til øya (ps: toalettbesøk er mogleg ved den lille kafeen FØR vi går ombord i båtane)

Pontikonisi er eit av dei mest kjende landemerka på Korfu, med ruvande sypresser og si mytiske fortid. Denne lille, frodige øya ligg ved inngangen til Chalikiopoulou-lagunaen og er eit beskytta naturreservat, heim til sjeldne planteartar og frodig grøntområde. På grunn av sitt skjøre økosystem er tilgangen til Pontikonisi begrensa. Då blir det kanskje ekstra spesielt at vi her kan kombinere bryllupsseremoni med planespotting… 

Den mest berømte myta om Pontikonisi er knytta til Odyssev si legendariske reise. Under ein voldsom storm forliste Odyssev sitt skip mot ein massiv stein her. Som straff forvandla Poseidon (den hevngjerrige havguden) skipet til ei steinmasse og etterlot seg det vi no kjenner igjen som Pontikonisi.  

Navnet Pontikonisi er henta frå gamal folklore som antyder at øya likna forma til ei mus – Pontikonisi betyr bokstavelig talt  «Museøya» 

Middag og fest

Etter seremonien vert vi frakta vidare i båt til Agios Stefanos. Agios Stefanos ligg langs nordaustkysten av Korfu og er ein tradisjonell fiskerlandsby med ei pittoresk havn, omgitt av olivenlunder og åser. Med tipp topp utsikt over havet og den albanske kystlinja syns vi dette er den perfekte staden for bryllupsfest!

I enden av bukta er det ei lita rullesteinstrand kor ein også finn Eucalyptus Taverna. Her vert vi servert eit skikkelig tradisjonelt gresk festmåltid, med alt det innebærer både av mat og drikke. Vi ønsker oss god stemning, mykje latter og lite høgtidlegheit. Om nokon vil bidra med underholdning (ikkje fellessang frå stensilark) eller kjekke taler, ta kontakt med toastmaster Ole. Vi håper også at crewet frå Corfu flights vil bemerke seg denne kvelden. 

Etter middag blir mobilbaren rulla inn, discolysa slått på og DJèn skrur opp volumet! Vi (ja brudgommen og) håper å få med oss flest mulig ut på dansegulvet. Her blir det fest!! 

Det går buss tilbake til Agios Gordis seint på kvelden 

 https://eucalyptustaverna.com/