Agios Gordis

Kjenn på magien i Agios Gordios, der fantastisk natur og ei fredleg atmosfære utgjer den perfekte staden for å feire bryllup. Agios Gordios ligg på vestkysten av Korfu og er ein landsby med autentisk sjarm og ekte gresk gjestfriheit. Omgitt av fjellandskap, frodige olivenlunder, sandstrender, dramatiske klipper og krystallklart vatn (utanom rusketorsdagar), er denne landsbyen meir enn berre eit reisemål. Med eit stort antall tilbakevendande besøkande har landsbyen ei unik atmosfære som får alle til å føle seg heime. Dette kan både bruda og venninnegjengen gå god for etter å ha reist hit nesten årleg sidan midten av 90-tallet… 

Den ikoniske Ortholiti-klippa (eller Angela som den også kallast) stig opp frå havet og bidreg til det fantastiske landskapet. Den ruvande nuten over landsbyen bidreg til god karma (det er vi sikker på). På denne sida av øya får ein også verdas vakraste solnedgang. OG når sola går ned, vaknar landsbyen til liv, med koslege barer og tradisjonelle tavernaer. Kvar augneblink i denne landsbyen kjennes spesiell. 

https://reisekroken.no/agios-gordios/ 

 

 

Korleis komme deg hit?

Det er fleire måter å reise frå Korfu flyplass til Agios Gordis på, men den raskaste og enklaste måten er å ta taxi. Taxiane står parkert like utanfor ankomsthallen og det tek omtrent 20 minutt til Agios Gordis. Ein taxi frå flyplassen koster 45 euro.

Du kan ta buss til Agios Gordios, men ver merksam på at du først må ta buss til korfu by og deretter bytte buss til Agios gordis. Det går kun buss hit nokre ganger for dagen, så ein bør undersøke tidene på førehand.

Det er også mogleg å forhandsbestille transfer, både bil og minibuss. Dette alternativet sikrer fast pris og garanterer at ein sjåfør venter på dykk ved ankomst. 

Leigebil er sjølvsagt også eit alternativ. Ver førebudd på smale vegar og hårnålssvinger. Parkering kan vere ei utfordring i AG, men det hjelper kanskje at det er september.. Det aller viktigaste er å ha tunga beint i munnen: Dåke skal til Agios Gordis/Agios Gordios IKKJE til Agios GEorgios

Lenke til Google Maps

Tips til overnatting

Vi anbefaler først og fremst overnatting der den korfiotiske sjarmen er til stades. Det vere seg vakre gamle dører i tre og glass, stygge fliser på bad og enkelt kjøkken og møblement. Unntaket er Sebastians, der dei kombinerer den greske sjarmen med vakre og smakfulle rom (her har vi holdt av nokre leiligheiter frå torsdag til mandag, så gje beskjed dersom nokon er interessert).

Besøkande reiser, som tidlegare sagt, tilbake til Agios Gordis år etter år og det kan vere vanskeleg å finne overnatting her. Det lønner seg difor å vere tidleg ute. Under er nokre tips til hyggelige familiehotell, leiligheiter og små strandhus som er verdt å sjå på